Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Bevaring og kassasjon

Arkivlova med forskrifter dannar det rettslege grunnlaget for arbeidet med bevaring og kassasjon i offentleg forvaltning. Formålet med bevaring av offentlege arkiv er å sørgje for at arkiv som har stor kulturell eller forskningsmessig verdi, eller som inneheld rettsleg eller viktig forvaltningsmessig dokumentasjon, blir bevarte og gjorde tilgjengeleg for ettertida.

Riksarkivaren har vedtatt nye bevarings- og kassasjonsbestemmelsar for fylkeskommunale og kommunale arkiv. Den nye forskrifta erstattar den gamle og gjeld for alt arkiv som er skapt etter 1950. Ei viktig endring i dei nye reglane er at dei skildrar det som minimum skal bevarast. Det vil då sei at Osterøy kommune kan velje å bevare meir enn det som er pålagt i bestemmelsane, men ein skal lage oversikt over kva som kan kasserast og kva som skal bevarast.

Ei slik oversikt vil bli nedfelt i ein bevaring- og kassasjonsplan. Planen er under arbeid av arkivtenesta i Osterøy kommune, og vil bli lagt ut etter kvart som fagområda er på ferdig utgreia.

Ny forskrift finn ein her

I forbindelse med ny forskrift har Riksarkivaren utarbeida ein felles rettleiiar for kommunar og fylkeskommunar. Denne tar for seg kvart fagområde.

Laster...