Utskriftsvennlig versjon

Bruk og oppdatering av arkivplanen

Arkivplanen skal nyttast som eit arbeidsreiskap av alle tilsette i Osterøy kommune. Målet er at alle som handterer dokument som vert til som ledd i den verksemda kommunen driv, skal kunna finna informasjon om kva retningslinjer som må følgjast, og kva løysingar kommunen har på arkivområdet.

Arkivplan vert oppdatert med jamne mellomrom. Det vert sendt ut melding til dei partane det gjeld straks revisjon/korrigering er utført. Alle brukarar har ansvar for å gje tilbakemelding på den informasjon som er i arkivplanen.

Om registrerte opplysningar ikkje er korrekte eller endringar er gjort, skal arkivet kontaktast. Arkivet kan kontaktast på telefon 56192100 eller e-post: post@osteroy.kommune.no

Arkivleiaren i kommunen, Marit Solberg, vil ha det daglege ansvaret for å følgje opp instruksane i arkivplanen i høve til alle verksemdene i kommunen.

Laster...