Arkivtenesta har ansvar for å
- Ta imot, opna, sortera, skanna og journalføra all inngåande post.
- Fordela post til rett sakshandsamar.
- Oppretta nye arkivsaker i samband med registrering.
- Kvalitetssikra at sakshandsamar si registrering er korrekt.
- Kontrollera forfallslister og senda restanselister 4 gonger i året.
- Kvalitetsikra arkiv og journaldatabasen gjennom kontroll av all registreringa
- Ta seg av utlån frå eldre arkiv.
- Arkivera (medan me ventar på «Byggsøk» og at andre system skal bli godkjende etter Noark 5)
- Journalføra interne og utgåande dokument.
- Oppdatere Osterøy kommune sin offentlege postjournal
- Opplæring i arkivsystem
Sakshandsamar har ansvar for
- Å levera personleg adresserte papirdokument til dokumentsenteret for journalføring.
- Å sjølv importera elektroniske dokument inn i sak/arkivsystemet
- Å ha oversikt over kva saker som er til handsaming ved hjelp av saksbehandlingssystemet WebSak Fokus
- Å kontrollera at riktig offentlegvurdering er gjort.
- Å kontrollera at saker er riktig registrert og på rett sakshandsamar
- All dokumentproduksjon i eit fagsystem (WebSak, Acos Barnevern, CosDoc, Visma PPI o.l.)
- Å avskriva inngåande og interne dokument som er handsama.
- Å leggja utgåande brev i konvolutt og frankera, eller senda elektronisk
- Å ønskja avslutta arkivsaker etter kvart som dei er ferdighandsama.
Seksjons/avdelingseiar har ansvar for å
- Gjennomføra offentlegvurdering.
- Sjå til at restanselister vert følgd opp.
- Bidra til at krava til dokumentasjon av handsaming vert ivaretekne.
|
|