Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Deponerte arkiv

Osterøy kommune har avtale med Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS (IKA Hordaland) om leige av depot for papirarkiv og drift av digitalt sikringsmagasin.

Osterøy kommune har deponert eldre administrativt arkivmateriale frå 1837 til 2013 til IKA Hordaland. Bestanden av administrativt arkivmateriale utgjer 379 hyllemeter. I tillegg er det deponert 137 hyllemeter personregistermateriale. Arkiva 1837-1965 er ordna etter norsk allment arkivskjema, arkivavgrensa, kassasjonshandsama og listeført i tråd med arkivforskrifta. Arkiva 1966-2013 er under ordning hjå IKA Hordaland.

IKA Hordaland og papirdepotet er lokalisert i Hansaparken i Kalfaret i Bergen og har besøksadresse: Kalfarveien 82. Papirdepotet oppfyller krav til spesialrom for arkiv i tråd med føresegnene i kapittel IV i forskrift om offentlege arkiv.

Av det deponerte materiale inngår også arkiva etter dei historiske kommunane Hamre og Hosanger.

Katalogane er tilgjengeleggjort på arkivportalen.no:

Arkivmateriale eldre enn 100 år blir kontinuerleg skanna og gjort tilgjengeleg. 

Materialet er publisert til digitalarkivet.no:

Laster...