Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Politisk organisering

Lokaldemokrati gjev innbyggjarane høve til sjølv å velgje dei lokale leiarane sine, og gjennom det påverke den lokale samfunnsutviklinga meir direkte.

Kommunestyret er det øvste politiske organet i kommunen og vert vald kvart 4. år. På Osterøy er det 7 politiske parti representert i kommunestyret, og har 27 medlemmar. Heradsstyret gjer vedtak på vegner av kommunen i alle saker der vedtaksmyndet ikkje er delegert vidare til andre.

Heradsstyret vel formannskap og mellom medlemmene i formannskapet, ordførar og varaordførar. Formannskapet i Osterøy har 9 medlemmer. Formannskapet behandlar og gir innstilling til vedtak om årsbudsjett og økonomiplan, kommuneplan og i andre overordna saker som skal avgjerast av heradsstyret.

Heradsstyret kan elles oppretta eller leggja ned faste utval med visse oppgåver eller med ansvar for delar av den kommunale verksemda, når ein finn dette tenleg. Heradsstyret fastset sjølv arbeids- og ansvarsområde for slike utval. (sjå organisasjonskart for utval pr. 2016-2019).

Laster...