|
Frå og med 01.01. 2001 erstatta Personopplysningslova (POL) den gamle Personregisterlova frå 1978. POL stiller ei rekke krav til handsaming av personopplysningar, og legg vekt på registrerte personar sine rettar i forhold til handsaming av slike opplysningar. Formålet med lova er å hindre krenking av personvernet for den enkelte ved handsaming av personopplysningar, skjerming av den registrerte mot ulovleg administrativ bruk og sikring av informasjon med potensiell rettsleg eller annan verdi. I følgje POL har ikkje den behandlingsansvarlege høve til å lagre personopplysningar lengre enn det som er nødvendig for å gjennomføre formålet med behandlinga (§ 28). Personopplysningar som ikkje kan slettast, skal oppbevarast i samsvar med dei retningslinene som er gitt i Arkivlova med forskrifter. IKA Møre og Romsdal har i selskapsavtalen forplikta seg til å vere depotinstitusjon for medlemskommunane sitt personregistermateriale. |