Arkivplan.no

Arkivplan - Osterøy Kommune

Topplogo 2

 

Arkivplanen er under arbeid. Alt innhaldet er ikkje endeleg utforma.

 

ELEKTRONISK ARKIVPLAN FOR OSTERØY KOMMUNE

Arkivplanen er godkjend av rådmannen 01.04.2017.

FORMÅL

Formålet med arkiv

Kommunale arkiv er sentrale for innbyggjarane sin rettstryggleik, som avgjerdsgrunnlag for forvaltninga og som historisk kjeldegrunnlag.

 

Formålet med arkivplanen til Osterøy kommune

Arkivplanen er eit kvalitetssystem for arkiv- og dokumentasjonsforvaltninga, og inngår i kommunen sitt internkontrollsystem.

Arkivplanen viser kva arkiv- og dokumentasjonsforvaltninga omfattar og korleis det er organisert. Arkivplanen viser også kva instruks, reglar, planar m.m. som gjeld for arbeidet med arkiv- og dokumentasjonsforvaltninga. 

  

Rådmannen har arkivansvaret

I kommunen er det Rådmannen som har det overordna arkivansvaret (jfr. Kommunelova og Arkivforskrifta § 1). Fagleiar for dokumentsenteret har eit overordna fagleg ansvar for kommunen sin arkiv- og dokumentasjonsforvaltning.